Meny

Tanke og minne sett i system.

Smarte løysingar og programvare som gjer kunnskapen i verksemda di om til handling. Utforsk kva vi kan gjere for di bedrift.

Hugin og Munin: to ramnar i flukt, teikna med kretslinjer

Slik jobbar vi

Kvar morgon flaug Hugin og Munin ut over verda. Om kvelden kviskra dei alt dei hadde sett i øyret til Odin. Vi jobbar på same måten.

  1. Vi flyg ut

    Vi set oss inn i arbeidsdagen dykkar: kva som tek tid, kva som går tapt, og kva som kunne vore enklare.

  2. Munin hugsar

    Vi samlar og ordnar det verksemda allereie veit – dokument, data og erfaring.

  3. Hugin tenkjer

    Vi byggjer løysinga: KI, programvare eller VR, alt etter kva som faktisk hjelper.

  4. Heim til deg

    De får eit verktøy som er testa, forklart og klart til bruk.

Valkyrie – VR i helse

Ein stad der studentar og fagfolk kan øve på livsviktige oppgåver før dei står i dei – frå helsefagarbeidar- til masternivå.

Les om Valkyrie

Menyen i Valkyrie: eit lyst panel med knappane Scenario, Innstillingar, Kontrollar og Om Valkyrie, sveveande over ei grøn øy under blå himmel
Menyøya i Valkyrie. Skjermbilete frå utviklingsversjonen.

Vi flyg ut for å hente framtida, og bringar dei smartaste løysingane heim til deg.

Les historia vår