Meny

Verktøy som gjer arbeidsdagen enklare.

Frå ein liten KI-assistent til eit heilt program. Vi startar med problemet, ikkje med teknologien.

KI-løysingar

Mykje av det ei verksemd veit, ligg spreidd i dokument, e-postar og hovuda til dei tilsette. Vi lagar KI-løysingar som gjer den kunnskapen tilgjengeleg – og som tek over oppgåvene som berre et tid.

  • Assistentar som svarar på spørsmål ut frå dokumenta dykkar
  • Oppsummering, sortering og utkast til tekst
  • Automatisering av faste, repeterande oppgåver

Programvare og digitale verktøy

Somme gonger finst ikkje det rette verktøyet. Då lagar vi det. Vi byggjer program som passar arbeidsflyten dykkar, og koplar dei til systema de allereie brukar.

VR-opplæring

Gjennom Valkyrie byggjer vi virtuelle øvingsrom for helsefaga, der ein kan trene på krevjande situasjonar utan risiko for nokon.

Korleis det startar

Med ein samtale. De fortel kva som skaver, vi fortel ærleg om KI eller programvare kan hjelpe – og kva det vil krevje.

Døme på det vi har laga

  • sporlaus.no

    Appar for språk, barn og familie.

  • Tale til tekst

    Gjer tale om til tekst lokalt på PC-en. For Windows.

  • MøteReferent

    Referat frå møte. Kjem.

  • Eksamensrettleiaren

    Rettleiing til eksamen. Kjem.