Meny

Øv før det gjeld.

Valkyrie er ein VR-simulator for helsepersonell: sjukepleiarar, vidareutdanning og helsefagarbeidarar. Ein trenar på livsviktige oppgåver i trygge, virtuelle omgjevnader.

Menyen i Valkyrie: eit lyst panel med knappane Scenario, Innstillingar, Kontrollar og Om Valkyrie, sveveande over ei grøn øy under blå himmel
Menyøya, der kvar økt startar. Alle bileta er skjermbilete frå utviklingsversjonen.

Slik verkar det

  • Saman i same rom

    Læraren og opptil fem studentar er i same simulering og opplever scenarioet saman.

  • Pasienten endrar seg

    Pasienten blir verre av seg sjølv om ingen grip inn. Monitoren alarmerer, og pasienten pustar, skiftar farge og lukkar auga.

  • Refleksjon etterpå

    Etterpå kjem refleksjonssamtalen, med tidslinja på tavla: kva skjedde, og når?

  • Eit pasientrom i Valkyrie sett frå døra, med seng, respirator, monitor og prosedyrevogner
    Rommet
  • Ein pasient i senga med EKG-elektrodar og infusjonsstativ ved sida
    Pasienten
  • Ei tavle i rommet med tidslinja frå økta: kva som vart gjort, og når
    Tidslinja til refleksjonen

Scenario

Dette er scenarioa i Valkyrie no. Dei er utkast til fagfolka har godkjent dei.

  1. Akutt forverring på intensiv – systematisk ABCDE
  2. Handhygiene og hanskar – før, under og etter
  3. Føling (hypoglykemi) hos eldre med diabetes
  4. KOLS-forverring på sengepost: oksygen med mål
  5. Respiratorpasient desaturerer: DOPE
  6. Postoperativt sårstell – aseptisk teknikk

Kvifor VR

Mykje av det helsepersonell må kunne, er vanskeleg å øve på: sjeldne situasjonar, høgt tempo, og pasientar ein ikkje kan gjere feil på. I VR kan ein gjere det same mange gonger, prøve og feile, og få tilbakemelding med ein gong.

  • Trygt å gjere feil – ingen pasientar i fare
  • Same situasjon kan øvast så mange gonger som det trengst
  • Fleire øver saman, og lærer av refleksjonen etterpå

Namnet

I norrøn mytologi er Eir den fremste lækjaren blant æsene. I nokre kjelder er ho også rekna som ei valkyrje. Valkyrie står for vern og omsorg – å vere der når det gjeld.

Laga avHugin & Munin Løysingar

Valkyrie er under utvikling. Er du lærar, studieleiar eller jobbar i helsetenesta, og vil vere med og forme det? Vi vil gjerne høyre frå deg.

Ta kontakt